Steg for steg til eit vellukka besøk hjå heit Grimo

  1. Pakkelista
    Når du skal besøka heit Grimo må du ha med deg 2 stk. handkle, eit til bading og eit til å sitje på i saunaen. Ta med Badetøy og gjerne ei drikkeflaska med vatn. Det kan vera lurt å ha med ein pose til blaute badeklede.

  2. Snacks
    Det er fort gjort å verte småsvolten etter bading, så ta gjerne med deg ein liten matbit. Men innta maten din utanfor saunen. Det er av hygieniske årsaker ikkje lov med mat inne i saunaen. Bruk søppelspann til eventuelt avfall.

  3. Alkohol
    Dersom det er ynskjeleg å ta med alkohol, er det sett ein begrensing på to enheitar. Dette handlar om din sikkerheit som gjest hjå oss. All bading og bruk av badstu er på eige ansvar.

  4. Aldersgrense
    Me har ingen aldersgrense, men born må vera i fylgje med ein vaksen.

  5. Ved ankomst
    Heit Grimo sauna er eit sjølvbetjent tebod. Saunaen vil vera ferdig oppvarma og klar til brukt ved din ankomst. Kom i god tid før timen. NB! Merk deg at tidspunktet for ditt opphald inkluderar tida du brukar i garderoben før og etter.

    Ved ankomst parkerer gjester som kjem med eigen bil på parkeringsplassen med kaien. Det er og mogleg å legge til med båt.

  6. Fasilitetar
    Heit Grimo har ein garderobe kor du kan skifta om og oppbevara personlege eigendelar. Toalett er tilgjengelig i butikkbygget og utedusj finner du på utsiden av saunaen. Utedusjen er utstyrt med kran, denne nytter ein til å fylle opp badstubøtta og drikkeflasker.

  7. Saunaen
    Sjølve saunaen står plassert i nord-enden på kaien med fantastisk utsikt utover fjorden. Me vil tilrå eit friskt fjordbad saman med saunaen for ei revitaliserande oppleving! Saunaen har kapasitet til 9 personar.

  8. Avbestilling
    Om du må avbestilla får du 100 % av summen refundert ved avbestilling før 48 timar. Ingen refusjon ved avbestilling mindre enn 48 timar før. Ynskjer du å endra tida så fiksar me det utan problem.

  9. Nyt opplevinga
    Len deg tilbake og nyt stunda. Ta inn fjorden og fjella. Dette er di stund! Dette er fjorden Baby!